- Vi jobba sokkane av oss
Postet av Stryn Fotball den 23. Sep 2023
Kevin har nettopp heada inn 1-1 mot Høyang (foto: Stig Høynes, haugenfotball.no)
Etter ein nervepirrande kamp, med bl.a. to raude kort, drog Stryn i land 3 poeng etter ein kraftanstrengelse i andre omgang. Målscorarar var dei to Selje-karane Kevin Hoddevik og Mohammad Ali.
Dagens stryning: Ole-Ivan Glosvik Espeland.
Trenarane Jon Terje Tjellaug og Mats Solheim var svært fornøgde med at alle poenga vart igjen i Stryn.
Les referat på Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209818/
Stryn - Høyang: 2-1 (1-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 23.09.2023
Mål:
0-1 Mentasenote Girmissi (21 min)
1-1 Kevin Hoddevik (29 min)
2-1 Mohammad Ali (74 min)
Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø (Sigve Aabrekk i 3 min), Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Mohammad Ali i 23 min), Kevin Hoddevik - Ola Ørjasæter (Marcel Kucab i 9 min), Steinar Hauge, Saeed Tajik
3 poeng, vind og ekstremt gode sveler
Postet av Stryn Fotball den 9. Sep 2023
Ein glad gjeng etter kampslutt i Bremanger, med dei fire målscorarane i front. Håvard Kroken, Sigurd Fotland Fænn, Tomas Tjellaug og Mohammad Ali.
Stryn var i dag ut til vakre Bremanger for å knive om tre poeng i Kretsligaen.
Eit heiltent heimelag kjempa Stryn ut av stilen frå start, og tok leiinga på ei kontring etter 14 minutt. Etter Bremanger sin friske start, synte Stryn seg som det beste laget.
Utlikninga kom då Tomas Tjellaug klinka til frå 18 meter, og via ein Bremanger-forsvarar suste ballen i nettmaskene bak keeper.
Resten av omgangen var meir eller mindre eit konstant press mot eit lavtliggande heimelag, og Stryn burde definitivt leia til pause. Mellom anna hadde Vegard Hopland eit frispark i stolpen, og Steinar Hauge ei heading i tverliggaren.
Men Stryn måtte vere tålmodige i relativt sterk vind på Bremanger stadion. 6 minutt etter pause svinga Ole Ivan G. Espeland inn ein presis corner, og Mohammad Ali si heading var like presis.
Første halvdel av andre omgang var Stryn sin beste periode i kampen. Mykje vart avgjort då Tomas Tjellaug sin corner fann Sigurd Fotland Fænn inne i feltet. Sigurd si heading var strålande, sjølv om han i følge seg sjølv kneip igjen augo og håpa på det beste.
Håvard Kroken fastsette sluttresultatet til 1-4 då han utnytta litt panikk i Bremanger sine bakre rekker, og enkelt kunne trille ballen i mål frå 3 meter.
- Det vart ei tålmodighetsprøve for vår del. Vi møter eit kompakt og defensivt heimelag, som vi måtte bruke tid på å opne opp. Til slutt vinn vi fullt fortent, seier ein nøgd trenar Jon Terje Tjellaug etter kampslutt.
Etter kampslutt fikk bortelaget servert kaffi og ekstremt gode sveler. Svelene var smurt inn med smør og sukker. Smaken stod til terningkast 6. Høg klasse. Stryn Fotball takkar Bremanger for kampen, og god servering!
Bremanger - Stryn: 1-4 (1-1)
Kretsligaen, Skavøypoll stadion, laurdag 10.06.2023
Mål:
1-0 Vebjørn Igland Nigardsøy (14 min)
1-1 Tomas Eikenes Tjellaug (22 min)
1-2 Mohammad Ali (51 min)
1-3 Sigurd Fotland Fænn (59 min)
1-4 Håvard Kroken (68 min)
Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim (Marcel Kucab i 19 min) - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Jesper Jepsen i 28 min), Jan Marius K. Brekke - Steinar Hauge (Mohamed Ahmed i 10 min), Mohammad Ali (Saeed Tajik i 28 min), Håvard Kroken
- Dei har tatt veldig godt imot meg
Postet av Stryn Fotball den 3. Sep 2023
Mohammad Ali kom til Stryn frå Selje før haustsesongen, og 2006-modellen har allereie spelt 2 kampar og scora 1 mål for Stryn sitt herrelag i Kretsligaen.
Mohammad er ein ung og ambisiøs spelar, med mange spennande ferdigheiter. Vi tok ein prat med han om bytte av klubb, og ein del andre ting.
Men først haurde vi med trenar Jon Terje Tjellaug om dette nye tilskuddet til spelarstallen.
- Mohammad er eit nytt og friskt tilskot i troppen vår. Ung, ambisiøs, lettbeint og hardtarbeidande teknikar. Veldig spennande spelar som vi er kjempeglade for valde å kome til Stryn og bli ein del av Stryn Fotball. Eg såg Mohammed først for ca 5 år sidan i Selje. Allereie då var det lett å sjå at her er ein gut du kjem til å sjå meir til. Selje har vidareutvikla desse ferdigheitene på ein fin måte. Vi er kjempeglade for at Mohammed valde å kome til Stryn og kombinere fotball og skule. Ein knakande kjekke kar som vi kjem til å få mykje glede av, seier Tjellaug.
Så pepra vi Mohammad med ei del spørsmål, for å bli litt meir kjende med denne unge, blide og sympatiske karen frå Selje.
Kvifor bytta du klubb? Og kvifor vart det Stryn?
- Eg valgte å bytte klubb fordi eg vil satse på fotball, og eg har høyrt at Stryn er ein klubb som er flink å utvikle unge spelarar. Samtidig kjente eg mange i spelargruppa frå før, som Kevin, Sokrates, Emil, Jesper og fleire av dei yngste.
Har det gått fint å kome inn i spelargruppa? Har dei tatt godt imot deg?
- Det har gått kjempefint! At eg var med Stryn på Norway Cup, gjorde at eg vart kjent med endå fleire. Alle har tatt veldig godt imot meg i Stryn.
Mange lurer på om du er oppkalla etter bokselegenda og navnebror Muhammad Ali?
- Ja, det er eg faktisk! Pappa likte veldig godt boksaren, så då vart eg kalla opp etter han.
Kva gjer du på fritida når du ikkje spelar fotball?
- Då trenar eg på gymmen, er med vennar eller spelar FIFA på PlayStation.
Favorittlag og favorittspelar?
- Barcelona og Messi, ingen tvil.
Favorittmat?
- Kylling og ris.
Så litt om dine nye lagkameratar. Kven er den mest jålete?
- Kevin Hoddevik
Den med dårligast humor?
- Cato Gundersen
Den med finast sveis?
- Tomas Tjellaug
Den mest morsomme?
- Mohamed Ahmed.
Dersom du fikk ei papegøye, kva er det første du hadde lært den å seie?
- Darwin Nunez
Hjarteleg velkomen til Stryn Fotball, Mohammad!
Til slutt vil Stryn Fotball takke Selje for konstruktive forhandligar i forbindelse med denne overgangen.
Stryn tukta nesten serieleiaren
Postet av Stryn Fotball den 2. Sep 2023
To sentrale figurar for Stryn i dag. Keeper Karsten Hauge var Stryn sin beste spelar, bror Steinar hadde også ein god kamp og scora eit mål (gjer merksam på at dette smilebildet ikkje er frå i dag).
Stryn si startoppstilling i dag, hadde ein snittalder på 17,5 år (!). Det særedeles unge strynelaget var ikkje favoritt mot serieleiar Fjøra, med 13-1 tapet frå vårsesongen friskt i minne.
Likevel var det Stryn som synte seg skarpast før pause. Steinar Hauge avslutta eit fantastisk flott angrep med å kline ballen i nettaket frå 11 meter, og eit minst like flott solomål av Ola Holmlund Ørjasæter sørga for at heimelaget kunne gå til pause med ei voldsomt sterk (og noko overraskande) 2-0 leiing.
Fjøra var definitivt med på notane dei første 45 minutta, men ein god keeper Hauge kombinert med nokre svake avslutningar gjorde at sogndølene måtte gå svært skuffa i garderoben. Strynelaget synte voldsom vilje, og fikk godt betalt.
Andre omgang starta vanskeleg for Stryn, då eit Fjøra-innlegg gjekk via midstoppar Jesper Jepsen og i mål. Resten av omgangen kjempa Stryn litt mot overmakta, og kriga heroisk med nebb og klør for å unngå at alle poenga forsvant til fruktbygda.
Det heldt berre nesten. 6 minutt før slutt sette Malvin Gjerde inn sigersmålet for dei neongule frå Sogndal.
- Dette er eit surt tap. Men vi viser at vi er sterkare enn i vår, og vel å fokusere på prestasjonen. Kjekt å sjå at våre spelarar har tru på eigne ferdigheiter. Vi er tøffe i eige felt, vi har bra tempo i forflytningane både defensivt og offensivt. Vi vågar å spele sjølv om vi har press på oss. I andre omgang blir vi straffa på nokre overgongar i takt med at kreftene tek slutt og dei unødvendige balltapa blir fleire. Uansett er det ingen tvil om at vi kjem til å plukke mykje poeng i haust dersom vi fortset på samme nivå, seier trenar Jon Terje Tjellaug etter kampen.
Les referat, kampfakta og lagoppstillingar frå Fird Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209858/
Storsiger mot Sandane!
Postet av Stryn Fotball den 19. Aug 2023
Her ser vi Håvard Kroken, Saeed Tajik og Johannes G. Tenden (delvis skjult) i duell med nokre sandensarar (foto: Sigrid Heggestad, Fjordingen).
Stryn har starta haustsesongen i Kretsligaen på best mulig måte, og har så langt plukka 6 av 6 poeng mot Jølster (B) og i dag heime mot Sandane.
For ei veke sidan vann Stryn 4-1 borte mot Jølster. Målscorarar då var Ole Ivan G. Espeland (2), Vegard Hopland og Håvard Kroken.
I dag kom Sandane på besøk til Stryn stadion. Sandane som slo Stryn 4-1 på heimebane i vår. Stryn var revansjesugne, og fullførte kampen med stil. Total dominans i begge omgangar, og resultattavla stoppa til slutt på 6-1.
Ola Holmlund Ørjasæter vart kåra til dagens stryning. Han var svært delaktig i dei fire måla før pause, og synte mykje bra frå sin posisjon på venstrekanten.
Trenar Jon Terje Tjellaug var naturleg nok ein fornøgd mann etter kampslutt.
Les referat frå Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209857/
Stryn - Sandane: 6-1 (4-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 19.08.2023
Mål:
1-0 Saeed Tajik (30 min)
2-0 Ole Ivan G. Espeland (32 min)
3-0 Saeed Tajik (40 min)
4-0 Jesper Endal Jepsen (42 min)
4-1 Hallvard Bjotveit (45 min)
5-1 Håvard Kroken (51 min)
6-1 Sjølvmål (87 min)
Stryn:
- 12 Karsten Hauge
- 2 Johannes Fredheim
- 3 Jesper Endal Jepsen
- 5 John-Erlend Bø
- 20 Vegard Sæten Hopland
- 7 Ole-Ivan Glosvik Espeland
- 16 Tomas Eikenes Tjellaug
- 17 Saeed Tajik
- 19 Håvard Kroken
- 15 Steinar Hauge
- 18 Ola Holmlund Ørjasæter
Innbyttarar:
- 1 Kjell August Ytre-Eide (inn for K.Hauge i 11 min)
- 4 Sigurd Fotland Fænn (inn for Jepsen i 38 min)
- 6 Kevin Hoddevik (inn for Tjellaug i 33 min)
- 8 Marcel Filip Kucab (inn for Fredheim i 25 min)
- 9 Johannes Garlid Tenden (inn for Ørjasæter i 38 min)
- 14 Jan Marius Klepp Brekke (inn for S.Hauge i 25 min)