Ei røff veke

Postet av Stryn Fotball den 24. Apr 2023

Veke 16 vart ei røff veke resultatmessig for laga våre i senior og ungdomsfotballen, men vi ser framover og oppover.


Denne veka er det mykje bortekampar, men vi har følgande godbitar på stadion:

  • Onsdag 18:00 G11: Stryn 2 - Hornindal. Klarer trener Siri å temme bohemane og vilbassane på G11 og få dei til å fungere som eit lag?
  • Torsdag 18:00 J12:  Stryn - Eid, tøft lokalderby i J12-klassen.  Har vi taket på Eid? 
  • Torsdag 18:00 G12: Stryn 2 - Sandane. Eit fintspelande G12 møter Sandane, men held det å spele fin fotball? Ror dei denne i land?

For å få svar på dette må de ta turen på stadion, vi fører nemlig ikkje resultat i barnefotballen. Uansett, kom å sjå, hei på laga, gjerne litt på dommarane og. Vi har ein flott gjeng som dømmer, det er viktig å ta vare på dei.


  • Søndag 15:00 Kretsligaen Stryn - Førde 2, Førde 2 har som Stryn 3 poeng etter to rundar, begge lag er nok sugne på ein 3 poenger. Klarer gutta denne?

Ein kan sjølvsagt oppdatere seg via Firda Live, underhaldande nok det, men fotball er best live (sorry Frank). Vi håpar flest mogleg tar turen og støttar laget.


MRK! Alle under 18 år går gratis på kamp.









Knepent tap mot seriefavoritten

Postet av Stryn Fotball den 21. Apr 2023

Stryn sitt damelag serieopna i kveld heime mot seriefavoritt Førde. Det enda med eit knepent 2-3 tap.

Allereie etter ca 5 sekund sjokkopna sunnfjordingane, etter scoring av Kaja Johannesen Skrede. Til tross for denne kalddusjen, slo strynedamene fort tilbake.
Først fekk Gunnalug Tenden eit skot blokkert, men etter 11 minutt kom Stryn sitt aller første seriemål i 2023. Og for ei kanon!
Malin Eikenes Tjellaug klinka til frå 27-28 meter, og ballen fauk i nettmaskene utan sjanse for keeper!

Resten av omgangen var jamnspelt, der begge lag hadde sina sjansar. Like før pause kontra gjestane, og Inga Hoff scora aleine med keeper.
Like etter pause auka Førde leiinga på nok ei kontring. Og igjen var det Inga Hoff som scora. Dermed 1-3, og alt tyda på at Førde skulle cruise inn ein komfortabel seier.

Men Stryn jobba seg inn i kampen, og mellom anna klinka Emma Dorthea Lødemel ballen i tverliggaren.

Etter 69 minutt fekk Stryn corner, som Malin Eikenes Tjellaug svinga inn i feltet. Der dukka Emma Dorthea Lødemel opp, og heada ballen kontant i mål!
2-3 og ei svært nervepirrande avslutning vart det. Sjølv om Stryn hadde eit par sjansar til å utlikne, ville det seg ikkje.

- Kjekt å vere i gang igjen. Surt med to kjappe mål i starten av kvar omgang, men eg syns vi står godt mot eit bra Førde-lag. Og vi viste absolutt at vi også har ein del å kome med. Vi heng ikkje med hovudet etter denne kampen, og ser framover mot neste. Kjekt med god stemning på stadion!, sa Malin Eikenes Tjellaug etter kampen.

Trenar Lise Flægstad var naturleg nok ikkje nøgd med null poeng, men fann likevel ein god del å glede seg over etter Førde-kampen.

- Det blei eit surt og knepent tap. Vi er ikkje påskrudd frå start, og får eit superraskt mål i mot. Det samme skjer i andre omgang. Vi har ein veldig varierande prestasjon i første omgang, så der har vi ein del å gå på. Vi gjer ein god andre omgang og er då heilt på nivå med Førde. Vi er generelt godt nøgde med det vi presterer og jentene gjorde ein kjempeinnsats!, er trenar Lise si oppsummering.

Les meir om kampen på Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/692647/2268423/

Ein lokal jury kåre Malin Eikenes Tjellaug til Dagens Stryning 
Som Dagens Stryning, fekk Maling gåve kort frå Isehaug Kafeteria, og ein plakett spons av Fluor-Lux. 

 



Guttelaget med uavgjort i første seriekamp

Postet av Stryn Fotball den 19. Apr 2023

Hovedtrenar for Stryn G15/17 i år er Einar Dons Brath.

Jevnaker sin tidlegare kaptein var fornøgd med store delar av kampen mot Måløy.

- Vi har grei kontroll før pause, utan at vi nødvendigvis spelar ein gnistrande omgang. Andreomgangen er virkelig god av oss, fram til Måløy reduserer til 3-1. Etter dette blir vi stressa, samtidig som Måløy får trua på poeng. Urutinert av oss å sleppe dei inn i kampen slik, men samtidig er dette noko vi skal lære av, oppsummerer Einar etter kampslutt. 

Stryn stadion 19.04.2023 kl 19, G15/17 avd 2 vår:

Stryn 1 - Måløy 1: 3-3 (1-0)

Kampfakta:
1-0 Ola Holmlund Ørjasæter (5 min)
2-0 Johannes Roset-Hansen (60 min)
3-0 Oliver Bjørkedal Eide (71 min)
3-1 (76 min)
3-2 (78 min)
3-3 (83 min)

Tropp:

  • 1 Karsten Hauge
  • 5 Oliver Bjørkedal Eide 
  • 8 Sokrates Ullebø Hool
  • 9 Ola Holmlund Ørjasæter 
  • 12 Nftaleim Henok Asfaha
  • 16 Georg Hopland
  • 19 Sigve Heggdal Aabrekk
  • 22 Marius Konstali-Lødemel
  • 24 Johannes Roset-Hansen 
  • 26 Tomas Eikenes Tjellaug
  • 28 Vegard Guddal
  • 30 Oliver Veka Brath
  • 44 Oddmund Hauge Otterdal
  • 45 Tarjei Tøfte Heimlid




Endeleg er vi i gong

Postet av Stryn Fotball den 19. Apr 2023

Leiaren har ordet:

Som nyvald styreleiar er eg både spent og audmjuk for oppgåva. Fotball betyr mykje for mange, og det engasjera, det skal lokalfotballen og gjere. Sesongen er no i gong, og det er kjekt å sjå alle som er ute på bana frå 6 år til senior, jenter og gutar. Det er det viktigaste vi driv med.


Styret har mange ting ein har lyst å få til, noko kan ein få til på kort sikt, andre ting er lenger prosjekt.  

Vi ynskjer å bli betre på er kommunikasjon, derfor rullar vi no ut ei ny heimeside. Den er ikkje perfekt, men den er god nok til at vi lanserar den. Vi jobbar fortsatt med formatet og tar gjerne imot konstruktive innspel.  Dette blir plattforma ein kan finne ferske nyheiter, informasjon om treningstider, kampplanar osv. Vi har lagt til tabellane for Stryn damer og Stryn herrer, vi veit det har vore sakna hos enkelte. Vi håpar de blir fornøgd med sida. 

Vi ser at dei kulla med eit større støtteaparat rundt seg fungerar godt og det vil vi rette fokus mot. Vi treng foreldra til mange roller rundt laga, men viktigaste oppgåva er oppdragelse, og der treng vi heile landsbyen med oss.  Er ein mange som  delar på oppgåvene, blir det ikkje mykje på kvar enkelt, men også ein kjekk arena og være på.  Derfor ønskjer vi fleire foreldre som engasjerar seg. 

Så ei oppfordring, alle må huske å sjå på logoane ein har på drakta. Dette er lokale bedrifter som sponsar Stryn Fotball, bruk dei og handle lokalt. 

No er det berre å gje gass, i løpet av 8 veker, skal vårsesongen gjennomførast. 


Glede - ENGASJEMENT - Gode opplevingar.


Rune



Vi er klare til kamp

Postet av Stryn Fotball den 19. Apr 2023

Foto: Thomas Thaule - Fjordingen


Vi er klare til kamp! 

I år har J17 og damelaget blitt slått sammen til ett lag. Vi er nå en god blanding av unge og mer rutinerte spillere. Fokuset vårt har vært å få til en stor og stabil treningsgruppe – det har vi nå klart. Den siste tida har vi vært mellom 15 og 20 spillere på trening. Det har ført til kjekke treninger.

Damelaget er en herlig gjeng med jenter som er inkluderende, støtter hverandre og har det kjekt i lag. Og så klart masse godt humør – som kommer fram i garderoben, på bana og utafor bana! Det er mye fnising og prat om gutter på vei til og fra kamp – og det er akkurat slik det skal være. Nå gleder vi oss til seriestart hjemme mot Førde på fredag og håper mange tar til Stryn stadion for å heie på oss.


Lise, trenar Stryn Damer

Kampstart 19:00











Tine Fotballskule 2023

Postet av Stryn Fotball den 6. Apr 2023

Stryn Fotball skal også i 2023 arrangere Tine Fotballskule!

Nedanfor finn du påmeldingsskjema og link til info om Tine Fotballskule.

Når: 26.06-29.06 frå 10.00-15.00

Alder: 7-12 år (født 2011-2016)

Stad: Stryn Stadion

Pris: kr 1.200,- (Søskenmoderasjon: kr 900,- for born nr 2)

Påmeldingsfrist: 01.06.23

Link til påmeldingsskjema:

Påmelding

Her finn du meir info om Tine Fotballskule:

Tine fotballskole