Oppdatering frå Norway Cup 2023

Postet av Stryn Fotball den 31. Jul 2023

Stryn Fotball stiller med 7 lag i Norway Cup i 2023 - noko som er eit rekordstort antall lag frå klubben vår.  Vi er no godt ut i dag 2 av turneringa og her er ei lita oppsummering så langt:

Gutar 13 år (9ar):
Stryn fekk ein kanonstart i denne klassa med heile 7-1 siger over Ullern IF på søndag. Kamp nr 2, mot Pors IF måndag, endte imidlertid med 2-6 tap, men gutane er fortsatt med i kampen om å nå A-sluttspelet og møter IFAC frå Mexico tysdag kl 12.10.

Gutar 14 år:
To sigrar og 6 poeng etter dei 2 fyrste kampane (3-1 over Blindheim IL 4-1 over SF Grei) gjev gode muligheter for A-sluttspel også her. Uavgjort mot Kolbotn IF 2 i morgon kl 13.00 vil sikre 16-dels finale.

Jenter 13/14 (7ar):
Også det yngste jentelaget vårt kom godt i gong med turneringa. Fyrstekamp i dag mot Kopervik IL endte med 6-2 siger til Stryn. Ny kamp kl 17.00 i ettermiddag mot Sociedade Hipica Campinas frå Brasil. 

Gutar 15/16 (7ar):
Storsigar også for 7ar-laget i G15/16-klassa. Søndag kveld vann Stryn 9-2 over SK Haugar- Dagens motstandar kl 18.00 - Malvik/Hommelvik - vann også sin fyrste kamp så det er duka for eit spennande oppgjer i kveld.

Gutar 16 år: 
Svensk motstand i fyrste kamp i turneringa, og det var Söder United FC som stakk av med 3 poeng og 6-0 søndag morgon.  3-0 over Raufoss Fotball 2 i dag gjer at ein fortsatt er fullt med i kampen om a-sluttspelet når ein møter Lørenskog i siste gruppekamp kl 14.30 tysdag. 

Gutar 17 år:
Kveldskamp søndag for Stryn G17 mot Strindheim IL endte med 8-0 siger! I kveld står Elverum Fotball på motsatt halvdel kl 19.00 før gruppespelet vert avslutt tysdag kl 16.30 mot Os TF.


Jenter 17 år:
Tøff start på turneringa for Stryn J17 med 0-5 for Bjerke søndag. 17.45 er det muilghet for revansj når jentene møter Utleira IL 1. I tillegg gjenstår 2 kampar tysdag så det er fortsatt gode muligheter til A-sluttspel også her. 

Stryn Fotball ynskjer alle lukke til vidare i turneringa!

Det er mange stryningar i Oslo denne veka. 7 lag frå Stryn Fotball med spelarar, støtteapparat og supporterar viser godt igjen på Ekebergsletta og andre kamparenaer!



Følg Stryn sine lag under Norway Cup!

Postet av Stryn Fotball den 24. Jul 2023

Stryn Fotball sender heile 7 lag til Norway Cup i år:
Jenter 13/4 (7er)
Jenter 17 (11er)
Gutar 13 (9er)
Gutar 14 (11er)
Gutar 15/16 (7er)
Gutar 16 (11er)
Gutar 17 (11er)

Kampane startar komande søndag, og først ut er G15/16 og G16.
Søndag kl 10 skal to strynelag i aksjon. G15/16 møter Haugar, mens G16 møter Söder United FC (Sverige).

Etter dette går det slag i slag, med innleiande kampar søndag, mandag og tirsdag.

Om du vil følge med på laga sine eigne oppdateringar, bli gjerne med i denne Facebook-gruppa:
https://www.facebook.com/groups/597609082457892

Kampoppsett og resultat finn du også på Norway Cup sine sider her:
https://norwaycup.cups.nu/2023,nb/result/search/stryn

Stryn Fotball ynskjer alle 7 laga lukke til under Norway Cup!



Tine Fotballskule 2023

Postet av Stryn Fotball den 4. Jul 2023

Forrige veke arrangerte Stryn Fotball TINE Fotballskule for andre gong! 75 born i alderen 7-12 år deltok og spelarar frå herre- og damelaga våre stilte som instruktørar.

Det vart 4 dagar med mykje fotball, sosialt samvær og kanskje fekk ein seg nokre nye venner også i løpet av veka.

Takk til alle deltakarane og instruktørane for ei flott veke! Her er gjengen samla med diplomar som synleg bevis på fullført TINE Fotballskule, (Foto: Stryn Fotball)