Tine Fotballskule er Norges Fotballforbund sin offisielle Fotballskule og Stryn Fotball er også i 2024 ein av klubbane som skal arrangere fotballskulen. Nedanfor finn du litt info om Tine Fotballskule i Stryn og link til påmeldingsskjema.
Når: 24.06-27.06 frå 10.00-15.00
Alder: 7-12 år (født 2012-2017)
Stad: Stryn Stadion
Pris: kr 1.200,- (Søskenmoderasjon: kr 900,- for born nr 2) Betalast ved påmelding til Stryn Fotball - konto 3790.13.72765 eller VIPPS til 105182
Påmeldingsfrist: 15.06.23
Link til påmeldingsskjema:
Stryn og Eid sine guttelag (G15-17) spelar treningskamp på Stryn stadion i kveld (onsdag 20.mars) kl 19.
Alltid kjekt med eit lokaloppgjer!
]]>Som einaste krets i landet skal NFF Sogn og Fjordane teste ut direkte soning i 10 min for protestar mot dommaravgjersler.
Dette er eit kontroversielt pilotprosjekt, som har skapt mykje debatt. Nokre trudde til og med det var ein aprilspøk, og måtte på med lesebrillene for å sjekke kalenderen. Men dette er slett ingen bløff.
Prosjektet skal testast ut i 3. divisjon for kvinner og 4. divisjon for menn og ned til jenter og gutar 13 år. 10 minutt direkte soning skal nyttast. For kamper med 80 minutt eller mindre vil spelarar sona i 5 minutt, ikkje 10.
Les saka frå NFF Sogn og Fjordane her:
https://www.fotball.no/kretser/sogn-og-fjordane/dommar/artiklar/2024/pilot-med-direkte-soning-for-protestar-mot-dommaravgjerslerdommar/
]]>
Stryn sin einaste målscorar i kveld, Tomas Eikenes Tjellaug (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)
Trenar Jon-Terje Tjellaug etterlyste meir trøkk i laget sitt, men såg også enkelte lyspunkt.
- Vi gjev det eit forsøk. Eg er fornøgd med måten vi spelar av første pressledd til tider. Også ok fornøgd med vårt eige presspel i enkelte periodar. Sjølv om Florø ledar 3-0 til pause syns eg ikkje dei skapar all verden på oss denne omgangen. Dei skapar meir i andre omgang, sjølv om dei her scorar berre eitt. Vi lærer at vi må opp på eit høgre nivå når det gjelde duellspel, intensitet, forflytning og balltempo. Kommunikasjonen innad i laget må også bli betre. Vi får stå på vidare og bygge stein på stein.
Les referat på Firda Live her:
https://live.firda.no/fotball/1/2024-03-13/2386574
Stryn - Florø: 1-4 (0-3)
1.kval.runde NM, Stryn stadion, onsdag 13.03.2024
Mål:
0-1 Oghenetega Agberhiere (11 min)
0-2 Hubert Karol Wdowiak (22 min)
0-3 Hubert Karol Wdowiak (24 min)
0-4 Tobias Grotle Herstad (53 min)
1-4 Tomas Eikenes Tjellaug (straffe 65 min)
Stryn:
Christian Strand - Jonas Hopland, Johannes Fredheim, Jesper Jepsen, Marcel Kucab - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug, Jan Marius K. Brekke (Sokrates Ullebø Hool i 16 min) - Mohammad Ali, Sigve Aabrekk (Georg Hopland i 35 min), Vegard Sæten Hopland (Simen Hopland i 22 min).
Hubert Wdowiak synte seg vanskeleg å stoppe (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)
Mohammad Ali lurer eit par blåtrøyer (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)
Øystein Hesjedal og Jon-Terje Tjellaug. Dei diskuterer neppe strikkeoppskrifter. (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)
Johann Sigurdsson måka ned ei pølse med brød etter kampslutt. Skrubrus, sennep og ketsjup er innan rekkevidde (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)
]]>Florø tek turen inn i fjorden, og dei tidlegare bruntrøyene må finne seg i å ha favorittstempelet.
- Det blir spennande å kome i gang med tellande kampar! I kveld får vi testa oss mot eit antatt betre lag, så det er viktig for oss å ha trua. Vi får berre gje gass!, seier ein offensiv Vegard.
Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Stryn stadion i kveld!
Avspark kl 19.00.
Dette blir dermed trenar Jon-Terje Tjellaug (bildet) og assistent Mats Solheim sin siste sjanse å sjå sine spelarar i kampsituasjon før alvoret brakar laust komande onsdag (13.mars). Då kjem Florø på besøk, for å avgjere kven som skal avansere frå NM-cupen sin 1.kvalifiseringsrunde.
- Ja, dette blir siste test før cupkampen mot Florø. Mot Stranda håpar eg å sjå igjen det vi har hatt fokus på i det siste. Eit godt presspel og gode bevegelsar, spesielt på siste tredjedel. Vi jobber med å vere tolmodige, vere litt kritiske i valga våre og unngå enkle balltap. Forhåpentlegvis lukkast vi med det mot Stranda. Det har vore ein utfordrande vinter, men no er vi bra med spelarar på trening og får øvd på det vi vil sjå igjen i kamp, seier Tjellaug.
Har du lokalfotball-abstinensar? Kom på Stryn stadion fredag kveld kl 1830 og sjå Stryn mot Stranda.
Stryn Fotball inviterer born og ungdom 8-15 år til Sparebanken Vest Påskecamp 25. og 26. mars 2024.
Det vert delt inn i 2 aldersgrupper: 8-11 år og 12-15 år. Programmet begge dagar for Påskecampen vert:
09.15 Oppmøte 8-11 år
09.30 – 11.00 Trening 8-11 år
11.00 – 12.00 Matservering 8-11 år
11.15 Oppmøte 12-15 år
11.30 – 13.00 Trening 12-15 år
13.00 –14.00 Matservering 12-15 år
Hovudinstruktørar for Påskecampen er Marius Hagen og Rune Sulen.
Oppmøte ved hovudinngangen til Cafeen i Basishallen
Pris: kr 750,- (inkl brødmat begge dagar)
Deltakaravgift betalast ved påmelding til konto 3790.13.72765 eller Vipps nr 105182. Hugs å merke innbetaling med namn på deltakar.
Påmelding 8-11 år (født 2013-2016):
https://forms.gle/ksudgjia4S8jm4WQ7
Påmelding 12-15 år (født 2009-2012):
https://forms.gle/jmBPuVZAoDJfwMup6
Ved spørsmål:
Kontakt Stryn Fotball – epost: post@stryn-fotball.com, tlf 99387441
Denne helga vart sluttspelet i KM-futsal arrangert i Trivselhagen på Sandane, og Stryn stilte med totalt 11 lag i turneringa. Her er ei oppsummering av innsatsen til våre lag:
Laurdag:
Stryn G14: Turneringa starta med 2-0 siger over Eid 2 i fyrste kamp. Etter dette vart det knepne tap for Førde 1 (1-2) og Sogndal (0-1) i dei påfølgande kampane. Stryn gjekk likevel vidare til 1/4-finale som beste 3-ar lag. Her vart det nytt møte med Sogndal og nok ein gong knappast mogleg tap (3-4).
Kretsmeister: Florø 1
Stryn G16: Stryn sin gutar var i pulje med Gaular, Eid, Dale og Førde 2. 3 tap og ein uavgjort (2-2 mot Dale), gjorde at det dessverre ikkje vart sluttspel denne gongen.
Kretsmeister: Måløy
Stryn J14: Sterk opning av jentene med 2-0 siger over Førde. Uavgjort (1-1) mot Årdalstangen og ny siger (5-3) over Hyllestad kvalifiserte til gruppesiger og semifinale mot Måløy. Her vart det 2-3 tap og dermed bronsefinale for Strynejentene. Ny kamp mot Årdalstangen, denne gongen vart det siger (1-0) og bronsemedalje til Stryn!
Kretsmeister: Måløy
Stryn J19: Sterk opning også av Stryn sine eldste jenter med 3-0 mot Vik 2. Etter dette vart det 3-1 sigrar både mot Sogndal og Hyllestad og 1-2 tap mot Eid. Også her vart det gruppesiger og kvartfinale mot Gaular. Her vart det tap 1-3 for Stryn og dermed var ein ute av turneringa.
Kretsmeister: Hyllestad
Søndag:
Stryn J13: Vårt yngste jentelag var komen i pulje med Årdalstangen, Gaular og Dale. Tap for Årdalstangen (0-2) og Dale (1-2) og siger (2-0) mot Gaular gjorde at jentene havna på 3.plass i pulja, noko som ikkje kvalifiserte til sluttspelet.
Kretsmeister: Årdalstangen
Stryn J15: Her vart det siger (2-1) mot Bjørn i fyrste kamp. 2 strake tap mot Jotun (0-3) og Førde 1 (0-5) medførte at siste kamp i gruppesepelet mot Loen 2 måtte vinnast dersom laget skulle nå 1/4-finalen. Jentene gjorde jobben og slo naboane 4-0. I 1/4-finalen var Sogndal motstander, og Stryn drog i land ein 4-3 siger. Semifinalen endte med 0-5 tap for Eid og dermed vart det bronsefinale mot Førde 2. Også her vart overmakta for stor og sunnfjordingane kunne gå av bana med 6-0 siger - dermed 4.plass til Strynejentene.
Kretsmeister: Eid
Stryn G13: I 13-årsklassa hadde Stryn 2 lag kvalifisert til sluttspelet! Stryn 1 starta dagen med siger 4-0 over Høyang. Mot Florø 2 vart det ny siger (2-1), før Jotun påførte gutane dagens fyrste tap (1-2). I siste gruppekamp vart Stryn tilbake på vinnarsporet og med 6-0 siger over Førde 2 vart det 2.plass i gruppa. Gutane skulle gå heile vegen til finalen, og etter 2-0 over Måløy i kvartfinalen og 3-1 over Florø 1 i semifinalen, venta Førde 1 i den avgjerande kampen om gullmedaljen. Knepent 0-1 tap mot laget frå Sunnfjord gjorde at Stryn sine gutar fekk med seg ein fin sølvmedalje i deira fyrste KM-sluttspel!
For Stryn 2 vart det siger mot Askvoll/Holmedal (1-0), tap (0-2) for Sogndal og uavgjort (2-2) mot Florø 1. 3.plass i gruppa kvalifisert til kvartfinalem som endte med 0-1 tap for Florø 1.
Kretsmeister: Førde 1
Stryn G15: Stryn starta med 2 strake sigrar mot henholdsvis Høyang 1 (1-0) og Bjørn (2-0). I siste gruppespelskampen vart det tap 0-1 for Førde 1 og dermed 2.plass i gruppa bak nettopp Førde 1. 1-2 tap for Eid i semifinalen og 0-2 for Dale i Bronsefinalen gjorde at det vart 4.plass til slutt for G15-laget vårt.
Kretsmeister: Førde 1
Stryn G19: Også i den eldste gutteklassa stilte Stryn med 2 lag. Stryn 1 gjekk gjennom gruppesepelet med 3-0 siger over Sandane 2 og uavgjort mot Askvoll/Holmedal og Kaupanger. I ei jamn gruppe vart det gruppesiger og kvartfinale mot Vik. Etter 4-0 siger her venta Sandane 1 i semifinalen. Her vart glopparane for sterke, det endte med 0-1 tap og dermed bronsefinale mot Kaupanger. Her var det liten tvil og etter 5-0 siger kunne Stryn 1 innkassere 3.plassen i sluttspelet!
For Stryn 2 vart det litt tøffare i gruppespelet, tap mot Høyang og Måløy 1 og uavgjort mot Eid gjorde at Stryn 2 endte siste på tabellen og var dermed ute av turneringa.
Kretsmeister: Sandane 1
Stryn Fotball gratulerer alle KM-vinnarane og takkar Sandane og NFF Sogn og Fjordane for eit godt arrangement!
På biletet ser du Stryn J14 som tok ein fin bronsemedalje under turneringa!
Stryn Fotball heldt Årsmøte onsdag 28.feb.På førehand hadde Ivar Paulsen (sekretær) og Veslemøy Ulen Belden (undomsrepresentant) takka nei til attval. I tillegg til desse stod leiar Rune Ommedal og styremedlem Oddvin Myklebust på val, begge desse hadde takka ja til attval og vart einstemmig valt for nye periodar i styret!
Ny i styret til Stryn Fotball er Malin Eikenes Tjellaug som erstattar Veslemøy som ungdomsrepresentant. Valnemnda hadde ikkje lukkast med å finne erstattar for Ivar, men årsmøtet gav styret fullmakt til å jobbe vidare med å finne ny sekretær. Ivar Paulsen har sete i styret til Stryn Fotball i ei årrekke, både som styremedlem, sekretær og ikkje minst styreleiar! Stryn Fotball takkar Ivar for god og viktig jobb for klubben gjennom mange år! Vi vil også ynskje Malin velkomen som nytt medlem i styret til Stryn Fotball!
Stryn Fotball sitt styre for 2024 er dermed:
Rune Ommedal (leiar)
Øystein Hesjedal (sportsleg leiar)
Johann Sigurdsson
Roar Haugstveit
Oddvin Myklebust
Malin Eikenes Tjellaug (ungdomsrepresentant - ny)
Tid: Onsdag 28.02.24 kl 19.00
Stad: Basishallen - Cafeen
Sakliste
1. Godkjenning av stemmeberettiga
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av møteleiar, referent og 2 representantar til å skrive under protokollen
4. Gjennomgang og godkjenning av årsmelding for 2023
5. Gjennomgang og godkjenning av rekneskap for 2023
6. Fastsetting av treningskontingent for 2024
7. Godkjenning av budsjett for 2024
8. Val
9. Endring farge på shorts/strømper på drakt for damer/jenter